Om oss
Dalen Næringsenter ligg midt i Naustedalen i Sunnfjord, godt plassert i mellom byane Førde og Florø. Området er kjent for sin vakre natur og gjestmilde folkeslag.
Selskapets visjon er å skape ein fleirfunksjonell møtestad med butikk, kjøkken og kafe. Her vil det vere aktivitet frå morgon til kveld med tilbod til unge og gamle frå heile kommunen. Senteret vil fungere som ein motor i den vidare utviklinga av Dalen som eit attraktivt bu- og oppvekstmiljø.
Bygget er utforma som eit senter med soner som kan fungere i lag eller uavhengig. Grunntanken er at ein skal kunne setje saman funksjonar alt etter behov og opningstider. Kjøkken vil ha ein ferskvarefunksjon i butikk på dagtid og levere tenester til kafe på både dag og kveldstid. Kafeen vil vere tilrettelagt for aktivitetar som møtevirksomhet og selskapslokale. Bygg og tomt skal utviklast etter planar frå arkitekt Christina Kvamme i X-form. Sjå prospekt (pdf)