header photo

Dalen
Næringssenter

Invitasjon til kapitalauke i Dalen Næringssenter AS

I generalforesamlinga 30. mai i år vart det vedteke å invitere bygdefolk og andre til ein ny runde med kapitalauke. Teikningsperioden skal vere frå 01.07.13 til 30.09.13 med betalingsfrist 15.10.13. Aksjekapitalen skal aukast med minimum kr 100.000,- maks kr 495.000,-.
Aksjekursen er kr 5000,- per aksje.
Utfylte teikningsblankettar kan leverast til banken i Naustdal eller sendast til: post@dalensenter.no
Eventuelle spørsmål kan stillast til Arvid Savland tlf: 97 70 80 50.
Arbeid med og gjere butikken meir attraktiv for bygdefolket og slik få ei omsetning som gjev ei lønnsam drift over tid har hovudfokus no.
I sommar har vi fått på plass Norsk Tipping og det er installert direkte overføring av bilde frå lakseteljaren i Hovefossen. Noko som har gjeve ei positiv utvikling av omsetninga. I juli var det rekord omsetning med over kr 600.000,-
Styrking av eigenkapitalen ved aksjeutviding vil vere eit viktig tiltak for å gje betre økonomisk handlingsrom. Asfaltering av uteområdet er eit nødvendig tiltak som i tillegg vil auke brukar vennlegheita og gje eit betre heilheitsinntrykk.

Vi oppfordrar og håpar at flest mogeleg av bygdefolket er med å støttar styrking av drifta i Dalen Næringssenter gjennom å kjøpe aksjar med sikte på å auke eigenkapitalen og ha eit betre lokalt tilbod som gagnar heile dalen.

Styret.