header photo

Dalen
Næringssenter

Inspirasjonsdag laurdag 5/11 (program)

Dalen skule, avd. Midtredalen frå kl 10.00 – 16.00.

Formålet er å spre informasjon og inspirasjon til innbyggarane om og mellom dei ulike prosjekta som pågår i Naustedalen. Vi ynskjer å skape inspirasjon til å setje nye idear ut i livet eller å slutte seg til noko av det som er på gang. Aktivitet skapar aktivitet.
Grenselause Hans Jakob Reite vil lede dagen.
Det vert spennande innlegg om kulturbasert næringsutvikling v/Steinar Sørli, Åmot Operagard og Jarl Tyssekvam, Sande Spar. Therese Helland om Naustedalen-Reiseliv-og bygdeutviklingsprosjektet. BU-prosjektet i Instedalen. Dalen Næringssenter AS, ide og visjon. Rådmannen set dei ulike prosjekta i dalen i ein samanheng. Mat og drikke vert det også.
Ingen kan ta sjansen på å ikkje oppleve denne dagen.

PS. Sjå programet ved å trykke inn på denne saka.

Program:

10.00- Velkommen ved Arvid Savland, styreleiar for Dalen Næringssenter AS.
10.10-10.20 Intro ved Hans Jakob Reite.
10.20-11.00 Naustedalen, Reiseliv-og bygdeutviklingsprosjektet presentert av Therese Helland
11.00-11.10 Pause
11.15-12.00 Kulturbasert næringsutvikling v/Steinar Sørli, Åmot Operagard og Jarl Tyssekvam, Sande Spar.
12.00-13.00 Matpause
13.00-13.30 BU-prosjektet i Instedalen v/Ståle Fimland/Janne Svorstøl.
13.30-13.45 Pause
13.45-14.15 Dalen Næringssenter AS, ide og visjon.
14.20-14.50 Rådmannnen, prosjekta i dalen sett i ein samanheng.
15.00- Debatt? spørsmål/innlegg frå salen.
15.30-15.45 Oppsummering v/Hans Jakob. Avslutning