header photo

Dalen
Næringssenter

Status Veke 38

Det har vore stor dugnadsinnsats siste veka. Ny septiktank og filtergrøft er på plass. Arealet på nordsida er planert, rampe på austsida er og ferdig. Resultatet er veldig bra, bygget og området rundt ser verkeleg flott ut! Stor takk til fleire som har lagt ned masse arbeid dei siste vekene!

Laurdag 24. sept var ein dugnadsgjeng i gang med taket innvendig. Utskifting av plater, og nye plater på den påbygde delen.

Kurt Røyseth og Arne Kjell Folkestad vil no, ilag med Arne Ommedal, organisere dugnaden. Dugnadslister vil ikkje komme ut som tidlegare, dei vil kontakte bygdefolket etter kvart som arbeidet går framover. Men ta gjerne kontakt, (Kurt 90942123 eller Arne Kjell 48113141) og meld frå kor tid det passar for deg å gjere ein innsats!