header photo

Dalen
Næringssenter

Nyheiter

Innkalling til Generalforsamling i Dalen Næringssenter

Til aksjonærane i Dalen Næringsenter AS

Innkalling til ordinær generalforsamling for 2014
i Dalen Næringsenter AS.

Onsdag 24. juni 2015 kl. 20 på Bua.

Sakliste:

1. Opning av møte v/styreleiar, nedteikning av møtteaksjonærar.
2. Val av møteleiar og 2 til å skrive under protokoll.
3. Godkjenning av innkalling og sakliste.
4. Godkjenne årsrekneskap og årsberetning for 2013.
5. Fastsetje styrehonorar.
6. Godkjenne revisjonshonorar.
7. Valg av styre.
8. Informasjon om salg av Dalen Landhandel AS, til dagleg leiar Margrete Aase.
9. Informasjon om nytt innvilga merkurtilskot.

Aksjeeigarar kan la seg representere med fullmektig.
Skriftleg fullmakt må framleggast.

Med venleg helsing
for styret i Dalen Næringsenter AS
Arvid Savland
Styreleiar

Årsrekneskap og årsberetning kan ein få ved å kontakte styreleiar, eller
revisor Jan I. Rygg, BDO Førde.

Publisert av Editor den 17 Jun 2015

Aksjeverdi

Formuesverdi pr. 31.12.2013 på aksjar i Dalen næringsenter AS er kr 1.832,69 pr. aksje.

Denne verdien skal brukast på sjølvmeldinga for 2013.

Publisert av Editor den 23 Mar 2014

Invitasjon til kapitalauke i Dalen Næringssenter AS

I generalforesamlinga 30. mai i år vart det vedteke å invitere bygdefolk og andre til ein ny runde med kapitalauke. Teikningsperioden skal vere frå 01.07.13 til 30.09.13 med betalingsfrist 15.10.13. Aksjekapitalen skal aukast med minimum kr 100.000,- maks kr 495.000,-.
Aksjekursen er kr 5000,- per aksje.
Utfylte teikningsblankettar kan leverast til banken i Naustdal eller sendast til: post@dalensenter.no
Eventuelle spørsmål kan stillast til Arvid Savland tlf: 97 70 80 50.
Arbeid med og gjere butikken meir attraktiv for bygdefolket og slik få ei omsetning som gjev ei lønnsam drift over tid har hovudfokus no.
I sommar har vi fått på plass Norsk Tipping og det er installert direkte overføring av bilde frå lakseteljaren i Hovefossen. Noko som har gjeve ei positiv utvikling av omsetninga. I juli var det rekord omsetning med over kr 600.000,-
Styrking av eigenkapitalen ved aksjeutviding vil vere eit viktig tiltak for å gje betre økonomisk handlingsrom. Asfaltering av uteområdet er eit nødvendig tiltak som i tillegg vil auke brukar vennlegheita og gje eit betre heilheitsinntrykk.

Vi oppfordrar og håpar at flest mogeleg av bygdefolket er med å støttar styrking av drifta i Dalen Næringssenter gjennom å kjøpe aksjar med sikte på å auke eigenkapitalen og ha eit betre lokalt tilbod som gagnar heile dalen.

Styret.

Publisert av Editor den 15 Sep 2013

Pub 31/08

Mr. Pub spelar på Dalen næringssenter den 31.08, dørene opnar som vanleg 21.00 og CC er kr. 100. Velkommen!

Publisert av Editor den 21 Aug 2013

Hipp hurra, Joker er 1 år!

9 juni er det eitt år sidan Joker Naustdal opna. Vi feirar i morgon laurdag 8. juni med sal av rømmegraut. Gratis kake og kaffi til alle som kjem innom, og gratis is til borna. Vi har hatt eit spennande år med mykje aktivitet og vi gler oss til fortsettelsen.
Velkommen innom Joker Naustdal.

Publisert av Editor den 07 Jun 2013